Sander Sagosen er ein god håndballspelar som speler på PSG saman med Mikkel Hansen. Der speler han på backen, han varierer mellom å spela på dei forskjellige backane, men speler for det meste i den midtre back-plassen. Han spelar og på det norske landslaget i håndball, der har han spelt sidan han var 18 år gammal, men fikk ikkje spela i eit stort meisterskap før han blei 19. Sagosen er nå 23 år gammal, han blei fødd 14. september 1995. Han er frå Trondheim og der spelte han i klubben Charlottenlund.

Det er mange som synest han er den beste i verda, siden han spelar i ein så god klubb som han gjer. Han har kjempa med storprofilen, Nicola Karabatic om plassen i PSG. No som han er ein av dei største hånballspelarane i verda har han plassen som han lenge har ynskt seg i PSG. Han er også ein stor spelar for Norge, der han får Man of The Match prisen nesten kvar kamp. Han har nettopp hatt eit bra VM og kom i all-star laget som den beste midt-back.
Sander Sagosen har ikkje alltid vært ein stor gutt, men var heller liten når han var yngre. Han begynte sin karriere i Charlottenlund og spelte der som barn, men så blei han overført til Kolstad, i 2012, det var hans første eliteserie-klubb. Han blei i Kolstad i eitt år før han gjekk til Haslum. Sander Sagosen studerte ved Norges Toppidrettsgymnas i Bærum. Han studerte der i bare eitt år fordi han fikk tre-års kontrakt med den danske klubben Aalborg. Det var eit stort løft i Sagosen’s karriere fordi det er ganske mykkje betre nivå i den danske ligaen enn det det var i Norge. Det er også meir penger i dansk håndball.
Det skulle vise seg at det ikkje var ein tabbe å gå til Danmark, fordi etter han hadde vært der i tre år fikk han eit tilbud fra Paris Saint-Germain, ein av verdas største klubbar. Med PSG har han vunnet den franske ligaen fleire gangar og kommet på tredje plass i Champions League ein gang.
Han har spelt 90 kamper for Norge’s landslag og har nesten 400 mål for Norge. Han er ein av våres viktigaste spelare. Han har blitt tatt ut på All-Star laget i VM for nokon uker sidan. Han har vunne young player of the year award tre gangar, og blitt tatt ut på All-Star laget i EM 2016, VM 2017, EM 2018 og VM 2019. Sander Sagosen har ikkje vunnet noko med Norge, men han har kommet på andre plass i både VM og EM.
Sagosen er ein kjent håndballspelar, men der er kanskje ikkje så mange som veit noko om privatlivet hans. Når Sagosen skulle flytte til Danmark for å spela på Aalborg, var Tvedten familien akkurat som ein reservefamilie. I Tvedten familien er blandt anna Håvard Tvedten, mannen som tok den legendariske straffa mot Egypt. Dei tok hånd om Sagosen når han akkurat hadde flytta til Aalborg. Sander Sagosen har eit forhold til veldig mange håndballspelare kan det seiast, fordi han er også i eit forhold til Hanne Bredal Oftedal, som også spelar håndball i Paris. Hanne er søstera til Stine Bredal Oftedal, som spelar på landslaget for kvinner.
Kilder:
https://www.tv2.no/v/1387556/ Dette er ein video av der Sagosen bor
https://no.wikipedia.org/wiki/Sander_Sagosen
https://sol.no/sport/5-ting-du-kanskje-ikke-visste-om-sander-sagosen/6994778




Thanks for joining me!